Driftslogg
15.12.2024 15:45:59
Lekkasjen er no lokalisert til området Skorane. Meir nøyaktig søk vart føreteke i dag av kommunen, so no har vi lokalisert staden. 3 abonnentar vil vert råka av reparasjonen. Arbeidet vert utført etter jul i samråd med entreprenør. Det same vert planlagt arbeid med ny vassleidning til Beinavikjo.
27.11.2024 07:40:24

Vatnet vert stengt onsdag 27. november frå kl. 1900 -2100 grunna lekkasjesøk. Dette gjeld alle abonnetar frå Brekketoppen - Rød.
02.09.2024 10:57:46

Planlagt stenging av vatnet tirsdag 3. september frå kl. 12.00 i forbindelse med nedsetting av ny kum på hovudleidningen på Eik. Stenginga gjeld alle abonnentar på Eik og Steinsletto, med unntak av dei som ligg på nedsida av fylkesvegen frå Eikeelva og til og med Eikelandet Brygge. Arbeidet vil pågå ut over dagen og vatnet vil bli sett på utan varsel.
11.08.2024 18:20:34

Styrtregn og flaum i Eikeelva førte til at UV stoppa pga lav intensitet fredag 26.07 frå kl 11.00 -15.00. Fult basseng så ingen abb vart råka. Drifta manuelt med 2 UV fram til fredag kl 22.00
07.11.2023 17:51:09
Det vart rapportert inn mulig lekkasje ved Arnesen løa dagen etter avslutta asfaltering av fylkesvegen. Det er no stadfesta lekkasje på den gamle hovudleidningen som går langs fylkesvegen.Vatnet vert stengt i morgon onsdag 8. nov. frå kl 0900 ved avkjørsla til Beinavikjo og innfor Arnesen løa. 10 -15 abonnentar i området Beinvikjo vert utan vatn frå kl.0900.
16.07.2023 23:27:04

Lite vatn på nett som skuldast at lyn og torden har slege ut deler av PLS/styringssystemet vårt sist natt. Vi reknar med å få det på plass i løpet av kvelden/natta.
09.05.2023 14:55:21

Stenging av vatnet til alle abonnentar i Hagetunet og den kommunale barnehagen mellom kl 16.00 og 20.00 i dag. Dette grunna arbeid på leidningsnettet.
Behandlingsanlegget
Skrevet av: Frode Stensletten, publisert 24.01.2014
Vassbehandlingsanlegget ligg på Sørestølen på Eik.
/5F0FF585744C88BFC12584690048092B/$File/DSC_0425.jpg)
Vatnet vert teke inn frå Eikelva gjennom perforerte røyr som er nedgraven i elvebotnen. Vatnet renn så inn i to kammer ved elvebredda.
Frå desse kammera vert vatnet ført til vassbehandlingsanlegget som ligg i silhuset. Vatnet renn fyrst gjennom eit grovfilter av typen Hydac med ei filtrering på 1000my. Deretter går vatnet gjennom ein mekanisk trykksil på 130 my av typen Amiad. Både grovfilter og trykksil har automatisk spyling. Spyleintervallane vert styrt frå innstilling av automatikken i styreskap for grovfilter og trykksil.
Som alternativ reinsing kan vatnet førast gjennom den gamle trykksilen på 200 my av typen ”Boll & Kirch,” Denne trykksilen vert i dag nytt i beredskap.
Råvatnet vert så ført gjennom to UV- aggregat av typen LIT DUV 4A DB300 med 4 stk. UV-lampar i kvar. I tillegg har vi to UV- aggregat av typen Berson InLine 450+ med 2 stk UV-lampar i kvar som beredskap. I UV- aggregatet vert alle bakteriar fjerna.
Etter å ha passert UV-filter vert så det reinsa vatnet tilsett Vannglass for PH-justering og går så inn i høgdebassenget. Den normale PH-verdien for drikkevatn er mellom 6,5 og 8,5. Det flytande Vannglasset som vert nytta for å justera PH-en er kort fortalt rein sand som er blanda med natriumkarbonat under 1400`C, avkjølt, tilsett vatn og dermed er flytande Vannglass danna.
Vannglass vert lagra på tankar à 1200 kg i eige oppvarma rom. Her vert Vannglass dosert ut på anlegget ved hjelp av ei doseringspumpe som er styrt av PH-målar og mengde vatn som kjem inn i anlegget. Til pumping er nytta pumpe med variable slaglengde og variable slagfrekvens. Innstilling av denne må tilpassast den PH-verdi vatnet til ei kvar tid held og mengde vatn som kjem inn.
Høgdebassenget som vi har er på 500m3 og held normalt til 12-16 timar forbruk. Frå høgdebassenget går så vatnet ut på nettet gjennom vassmålar. Denne syner til ei kvar tid vassforbruket på nettet.
I tilfelle at vatnet har så høgt fargetall at ikkje UV – aggregat kan nyttast så har vi naudkloranlegg som reserve. Kort fortalt så vert då vatnet tilsett klor for å ta knekken på bakteriar i vatnet. På dei 15 åra vi har hatt naudkloranlegget så har det vore i bruk ein gong, og då med varsling før vi kloring.
/5F0FF585744C88BFC12584690048092B/$File/Vassverket%20og%20heime%202011%20006.jpg)
Ved straumbrot så har vassverket eige diesel aggregat på 35 KW som vert sett i drift for å drifta vassbehandlinga. Brot på straum, leidningsnettet, lav vassnivå i høgdebasseng, lav inngåande vassmengde og høg utgåande vassmengde, feil på UV vert i dag alle varsla over SMS.
/5F0FF585744C88BFC12584690048092B/$File/20200212_143050.jpg)
Vassbehandlingsanlegget vert heile tida overvaka og drifta over internettet via PC eller nettbrett.