Leiarmøte 2010

Skrevet av: forbundssekretæren, publisert 27.08.2010

Leiarmøte 2010 er halde, og leiarane frå dei aller fleste lokallaga i NKSF var med saman med sentralstyret til gjevande samtalar og drøfting av viktige saker for rørsla. Møtet vart halde på danskebåten Oslo-København 9-11. april. 

 

Frå venstre mot høgre på biletet:
Øyvind Hellang, Hilde Taen, Mogens Kofoed-Larsen, Anne Karin Stormyr, Jostein Grolid, Ragnhild Hadland, Arne Gjære, Bjørn Vidar Ulvedalen, Goos ten Napel, Asbjørn Larsen, Alise Narjord Thue, Olav Gading. Fotograf: Halvor J. Østtveit.

 

Utdrag av leiar Ragnhild Hadlands åpningstale:

 

NKSF har i dag 3200 medlemmer fordelt på 151 kor.

Vi har lokallag i 11 bispedøme, men i 4 av desse ligg lokallaga nede. Vi har likevel medlemskor i alle bispedøma.

 

I året som har gått sidan Landsmøtet på Gran i april 2009, har sentralstyret etter beste evne prøvd å arbeida i tråd med den vedtekne handlingsplanen. Blant dei saker eg vil trekkje fram, er arbeidet med å bli tatt med på laget inne på det kirkepolitiske område.

-       Møta våre vert haldne på Kirkens hus i Oslo.

-       Vi ER i dialog med representantar i kirkerådet.

-       Elles deltar NKSF i ymse høyringar, no sist med den store gudstjenestereformen. Og her vil eg retta ei stor takk til lokallaga for bidrag til den felles høyringsuttalen som vart sendt frå oss.

 

Medlemsbladet  vårt, som etter kvart vart svært ressurskrevande låg nede i 2008, og  på Landsmøtet i 2009, vart det vedteke å leggje ned medlemsbladet, og heller satse på internett.

 

Eigenkapitalen i vår organisasjon bør ligge på 750.- 800.000 kroner. Vi er ikkje heilt der enno; det er derfor behov for å styrkje eigenkapitalen yttarlegare, og dette må gjerast gjennom auka medlemsmasse. Aukte inntekter gjev rom for større sekretariat som kan gje større aktivitet som igjen kan gje større medlemsmasse.

 

Det vart elles orientert om:

            Reforhandla  avtale med TONO.

            Reforhandla avtale med Cantando.

            Samarbeidsavtalen med Norsk musikkforlag.

            Status gudstenestereformen.

            Nordisk kirkesangfest Vasa 23-26. september.

            Spaniaseminar med Sondre Bratland vart avlyst grunna lita påmelding.           

            Samarbeidsorganisasjonar: Det er 5 kororganisasjonar i Norge. Det vart orientert om samlingsforsøket. Det er ikkje interesse i kororganisasjonane eller grunnlag for å samlast i ein organisasjon no. Men alle organisasjonane ynskjer likevel å ha ei viss grad av samarbeid.

            WEB-satsinga: Vi ynskjer at web-sidene våre skal fungere dynamisk som formidlingskanal til medlema våre, og vil også gjerne at alle brukar sidene aktivt.

            UK-NKSF samarbeid om utfordringa med korovergang. Det er begge organisasjonane sitt ansvar å finne ut av dette. Sentralstyret vil jobbe vidare med denne saka.

            Kva som skjer kulturpolitisk gjennom NMR. Det har vært store endringar i Norsk musikkråd. NMR arbeider aktivt inn mot Frivillighet Norge, som er ein ennå større paraplyorganisasjon for alle frivillige organisasjonar i landet.

 

 

Rapport frå lokallaga:

 

Møre: Vellukka Kirkesangfest i haust med Rosemesse av domkantoren i Molde.

Vart godt motteke av korsongarar og andre. Stor oppleving: Brassband og stort kor. Klar tilbakemelding frå kora. Det gav meirsmak. Oppslutninga på årsmøtet var skuffande. Reiste spørsmålet om ein kan bruke internett som årsmøtearena og kommunikasjon ved årsmøter og styrer? Styret arbeider aktivt med støtte-innsamling. Der er problem med å få styret samla komplett. Møre er eit stort distrikt.

 

Stavanger: Styret har vært opptatt av reformforslaget liturgi og salmebok. Har hatt eit Tore Aas-seminar som var vellukka. Men det vart reaksjonar på at berre ein vart vald ut til å presentere musikk. 60 påmelde. Det har vært diskusjon i kjølvannet av det nye salmebokforslaget. Hadde eit nytt seminar med Jan Inge Sørbø om salmediktning i moderne tid. Fullbooka, vellukka seminar. Planlagd korhelg vart avlyst pga lite påmelding. Skal ha Handel Messias prosjekt for medlemskora.

 

Sør-Hålogaland: Vi har 5 medlemskor: Bodø, 3 i Narvik og Dolstad. Det er store avstandar. Pleier ha møter pr tlf. I fjor vart det arrangert tur til Island. Ein stor suksess. Satsar på tur annankvart år, annankvart år korseminar. I år Dvorak-messe. Prøver å samarmeide med Nord-Hålogaland, men her er store avstandar. Har prøvd å få med fleire kor og gjort seg synleg i kyrkjelandskapet. Ikkje klart å rekruttere fleire enno.

 

Tunsberg: Fekk ny leiar etter Asbjørn Larsen no nyleg. Bjørn Vidar Ulvedalen. Ein har diskutert mye kordan verta synlege. Der er sendt ut informasjon til alle kantorane i tillegg til eigne kor. Lokallaget har stått på for kirkemusikk-konsulent ordningen. Laget har arrangert seminar for kora om religiøse folketonar, men lita interesse i kora. Ein har også diskutert problemet med overgang for unge til voksenkor.

 

Bjørgvin: Har nett hatt årsmøte. I Bergen Domkirke i år. Ny domkantor igang med nytt domkor. Dei har melt seg inn hjå oss. Bjørgvin er eit stort lokallag i areal og medlemsmasse. 32 medlemskor. Her er bra frammøte på årsmøta. Anne Karin Stormyr gjenvald som leiar. Aktivitet: Der er tradisjon med vårtreff. 200 var med i fjor ute på Austevoll. I år går turen til Erdal, Askøy. Lokallaget tilbyr der liturgisk verkstad. Tanken er at koret også skal være liturgiske aktørar. Prosjektkoropplegg: Hardangerkoret – har samling ein gong i halvåret. Meininga er at vi skal bygge opp eit felleskorrepertoar. Høyringsarbeidet er det jobba ein del med. Jobbar no fram mot rikskirkesangfest i Bergen i 2012. Lokallaget jobbar med synlighet og at det skal vera sjølvsagt å bli teken med, innkludering i kyrkjeleg verksemd. Arbeider også med Bjørgvin kyrkjemusikkfestival 2012.

 

Hamar: Er eit stort område, føler at kora arbeider kvar for seg. Mange fine aktivitetar. Schola Sancte Petri på Gran framførte Jeremia. Der har vært samarbeidsprosjekt på Hamar og i Elverum. Lundar motettkor og Tingnes har hatt Messias. Lillehammer kantori utviser mykje positiv aktivitet. Har hatt utenlandstur til England, Camebridge. Lokallaget har mista eit kor: Hovin kirkekor. Informasjon vert formidla på nettet. Har konsertkalender på nettet. Vi har forsøkt korseminar i samarbeid med Lillehammer og oss, men svak interesse for slikt. Kora arbeider godt på sin stad, men fellesskap er det lita interesse for.

 

 

Utdrag frå samtaleøktene:

 

Korleis kan vi “løfte fram” kyrkjesongen?

 

Vi har noe viktig å fara med i kyrkja: Inspirera aktørane.

Forbundet skal bidra til gode vilkår for kor og dirigentar.

Kva kan koret gjere, kva kan kyrkjelyden gjere, kva kan forbundet gjere?

 

Moment som kom fram under samtalane:

*            Vi må ha stort frimodig med å fremja kyrkjesongen.

*            Kyrkjeframnde tar lettare inn kyrkjesongen enn det verbale.

*            Det er liten bevissthet rundt kirkesangen blant prester.

*            Vi må fremja det trauste og solide. Det er det som er varig.

*            Voksenkor er også trosopplæring.

 

 

Korleis selge organisasjonen? Rekrutteringstiltak sentralt og lokalt.

 

Moment som kom fram under samtalane:

*            Vi skal vera åpne for dei signal som er.

*            Arbeide breidt.

*            Vi vil gjerne vera venner med Tensing. Dei er store, men dei lever sitt eige liv.      Det er viktig at vi og Ung Kirkesang fins som eit alternativ.

*            Frå tensing til voksne: vi bør ta eit initiativ med aktuelle overgangsordningar.

*            Skotta mellom sjangrar må ikkje vera tjukkare enn at vi kan snakke saman.

*            Det er snakk om haldningar. Vi skal være aksepterande.

 

 

Innspel til handlingsplanen:

 

-       Få organisasjonar har eit så openbert potensial til få nye medlemer.

-       Vere på arenaer der folk kjem saman for å synge.  Ha med ”roll up” og brosjyrar.

-       Arrangere seminar o.l.

-       Ha ein god informasjonspakke.  Lettfatteleg, som vert oppfatta på 2 minutt:  Kva er fordelen med å vere med i NKSF?

-       Kva gjer vi med dei som er med på prosjekt av og til?  Kan dei verta personlege medlemer, eller er med i ”prosjektkor”?

 

Kvifor er du/koret med i NKSF?

Kvifor er det viktig at du/koret er med i NKSF?

-       Vi må ikkje berre fokusere på fordelene, men også fokusere på kor viktig du er, at det er viktig at du er med på å løfte arbeidet, at du er med i NKSF.  Få kor og enkeltmedlemer til å sjå kva dei kan gjere for oss.

-       Det viktigaste er at det er nyttig for dirigentane (f.eks. medlemsskap i Fonoko).

-       Halde kirkesangsaka varm i kyrkja.

-       Gudstjenestesangen prioritert, med kvalitet og med glede!

 

Kva treng du/de av NKSF?

-       Nyttig informasjon på heimesida.  Formidle kva vi arbeider med.

-       Ressursbank. Eks: Hjelp med PR. Det fins folk som har kompetanse på ting som også andre har nytte av.  Kvar ressursar fins.  Kordan finn ein solistar?

-       Hjelp til å få fleire menn med i kora.

 

Andre idéar:

-       Ta kontakt og informere studentar om NKSF:  Her er det ein instans som kan vere ein støtte­spelar når du kjem ut i arbeid.

-       Facebook-profil

-       For noen kor er det viktig med konkurransar?  Skulle me også hatt det?

-       Kor ville kyrkjesongen vært utan NKSF?  Dette må vi løfte fram som det aller viktigaste. Me har ei djupare, eller høgare målsetjing, som går ut over det at det er kjekt å synge.  Dei andre kororganisasjonane misunner oss dette.

-       Ein får musikkopplæring og trusopplæring i koret.  Ein får livsviktige verdiar.  Det burde vore dyrere å syngje i kor.  Det ville heve statusen!

 

 

 

NKSFs sentralstyre og lokallagsleiarar i blåsten på dekk

 

 Leiar i NKSF, Ragnhild Hadland og leiar i Bjørgvin, Anne Karin Stormyr 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer