Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Kurshelg 4-6.juni 2021

Skrevet av: , publisert 18.10.2020

Velkomen til ny korhelg, denne gongen i Øystese, på Hardangerfjord hotell.

Klikk her for di tilbakemelding på korhelga 4-6.juni.   Detaljer info finn du i påmeldingsskjemaet. Vi ber om at alle medlemmer går inn og melder seg på/ melder om eventuelt forfall innan 18.mai. Ved å melde frå innan tidsfristen, får styret den infoen vi treng for å overhalde avtalt tidsfrist med hotellet.

NB! Pr. 20/5 er vi 35 påmelde, og i samråd med Prots satsar vi på å gjennomføre helga. Korleis vi praktisk gjennomfører øvingane, kjem vi attende til. Dette vil vere i tråd med til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglement for musikkøvingar.

Hotellet stiller med ei kake/frukt servering og kaffe pr.dag. Grunna korona lagar vi ikkje til meir ekstra. Så om de ønskjer meir, tek de med kaffe og meir å bite i sjølve. 

Øvingslokala arbeider vi med å lande no.

 

(NB! Skulle det skje brå endringar jamfør pandemien, vil de få sms om dette snarast mogeleg etter endringa er meldt)

 

Samme tidsplan som vanleg:

Fredag: Øving kl.18-21

Laurdag: Øving kl.10-13 og kl.14.30-18

Søndag: Øving kl.10-13 og kl.14-16

Dersom vi treng justere tidene for laurdag og/eller søndag, gjer vi det i fellesskap undervegs i8 øvingshelga.

Repertoar oversendt frå Prots onsdag 19.mai:

-Lullaby (Billy Joel)

-Liten sommersang

-Vilar glad i din famn

-Så länge skutan kan gå

-Kärlekens tid

-Da Coconut nut 

-Cant help fallin in love 

-Blåmann, Blåmann

-Den fyrste song

-I himmelen

-Eg synger jolekvad  (Note kjem rett før, eller vert delt ut på korhelga)

 

Prots sender nokre stemmefiler, som vi legg ut eller i dropbox når dei er klare.

 

Hjarteleg velkomne.

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer