Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Korseminarhelg

Skrevet av: , publisert 08.09.2025

på Jonsvoll.

Påmeldingsfrist for eksterne seminardeltakarar er 21/9. Vil du bli med på korseminar med Hardanger KorAkademi og Nina Pedersen, melder du deg på via linken https://forms.gle/KUJu8v9cPR3o8dML7

Dei faste kormedlemmene meldte frammøte/ evt. forfall innan 29/8.

Vi baserer oss på at dei som treng overnatting sjølve avtaler dette privat, evt. gjennom leige. Denne gongen kan dei som øbkjer det tinge varm lunsj for laurdagen (servering kl.13), elles er det eigen matpakke som gjeld + litt kaffe og pausemat som vanleg ala litt kake og/eller grønsaker m dipp.

Fredag 26/9 kl.18.15- 21.15: Korseminar

Laurdag 27/9 kl.10.15- 18.15: Korseminar (Korte pausar kvar time + ein litt lengre lunsjpause ca. kl.13)

Søndag 28/9 kl.10.15- 16.15: Korseminar (Korte pausar kvar time + ein litt lengre lunsjpause ca. kl.12.30)

Repertoaret baserer seg på repertoar vi har sunge både saman med Prots, noko frå Hardingtoneprosjektet i vår og noko nytt. Prosjektet for hausten er konsert-prosjektet "Draumen" som vi landar med ein konsert (stad under arbeid) søndag 16.november.  Med på konserten vert også 3 flotte musikarar vi har samarbeidd med ein del gongar før; Per Arild Skorgen-piano, Arild B.Nielsen- trompet/ perkusjon og Ole Amund Gjersvik- kontrabass

 

HJARTELEG VELKOMNE ALLE.

 

Nina har valgt tre nye låtar, som er lagt i Dropbox og som de snart får stemmefiler på i ChoirMate:

*Bridge over troubled water

*What a wonderful world

*World o world (Denne vert litt forkorta/ forenkla, så vent litt med å skrive ut, til ny utgåve vert lagt ut)

Elles vel Nina resten av repertoaret mellom songane nedanfor:

Hardanger:

*Vinternatt (NY- Hauge/ Indrehus - ligg i dropbox)

*Rio Aga (NY- Fliflet- har venta lenge i arkivet)

Frå Prots-repertoaret:

*Alleluya

*El que Habita

*Slipp mine fløyter

*Skal vi ustridig hist

Frå Hardingtonar-repertoaret:

*Glädjens blomster

*Sing we and chant it

*Sumarnatta

*The long day closes

*Ut i vår hage

*Ve no velkomne med æra

 

 

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer