NKSF Bjorgvin

Abonner på nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her

Fana kyrkjekor, 60 år og i fin form!

Skrevet av: Gyri Skre | Foto: Sølvi Ringås, publisert 22.03.2012

 

Fana kyrkjekor blei stifta 26. mars 1952, og kan derfor i år feire 60-årsjubileum. Koret har godt over 40 aktive songarar som gler seg både til øvingar, oppgåver i samband med gudstenester i kyrkja og sjølvsagt til konsertar.

Jubilèet startar med deltaking under gudsteneste i Fana kyrkje søndag 25. mars, og under kyrkjekaffien like etterpå spanderer koret kakene og har eit lite program, mellom anna eit intervju med ei av songarane som har vore med heilt frå starten av. Vi har faktisk for tida fem æresmedlemmer. Det er songarar som har stått i koret i minst 50 år.

Hausten 2011 fekk vi invitasjon fra Sjømannskyrkja i London, med spørsmål om å komme og feire 17.mai saman med dei i 2012. Det svarte vi positivt på, så nå reiser vi med over 40 songarar m/følgje og skal promotera amatørkultur blant anna gjennom deltaking i 17.maitoget, på festen og med konsertar i sjømannskyrkja og i den lokale anglikanske kyrkja.

Søndag 10. juni vil koret arrangera ein konsert i Fana amfi sammen med Fana
mannskor og Fana musikklag, som ein avslutning på vårhalvåret. Det blir den første store konserten i det no ferdigstilte amfiet i Fana kulturpark. Det blir spesielt triveleg å samarbeide med våre gode vener i mannskoret og musikklaget.

Lørdag 29. september skal vi arrangere jubileumskonsert i Fana kyrkje med
påfølgande jubileumsfest for innbedne gjester i Rambergstunet.

Fana kyrkjekor opplever å vere ein viktig kulturfaktor i nærmiljøet som deltek heile året med konsertar i lokalmiljøet, og ofte saman med andre lokale amatørar.

Velkomne til dei opne jublileumskonsertane, som vi nok vil informere meir om etter kvart.

Æresmedlemmer anno 2012: 
F.v. Bjørg Trætteberg, Alf Trætteberg,
Bjarne Fjelltveit, Ingunn Skage og Sickan Borge Bersaas 

 Øving på galleriet i Fana kyrkje
   
Jostein Aarvik er korets dirigent  Kyrkjekaffi etter gudstenesta 25. mars
   
   
   
  Bjørg Trætteberg og Brita Smørås var med då koret starta opp 26.mars 1952. Bjørg er framleis aktiv songar i koret.
   

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer