Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Sponsorar for Hardangerkoret:

Hardanger Fjordfrukt   

HardangerBestikk 

og 

Moelven Granvin Bruk

 

 

 

 

 

Vil du bli med i Hardangerkoret?

Skrevet av: , publisert 06.06.2018

Hardangerkoret ønskjer nye songarar velkomne til korhelga 15-17.februar-19, og vi ønskjer også hjarteleg velkomne til å vere seminardeltakarar på korhelga.

Dersom du har lyst til å bli med som kormedlem, kan du melde deg på neste kurshelg som seminardeltakar eller sende ein mail med telefoninfo via nettsida vår. Så avtaler vi prøvesong anten i forkant av- eller undervegs i kurset. Vert du godkjent, kan du byrje som korist med ein gong, dersom det er plass på di stemme. Bass, tenor og sopran 1 tek gjerne imot fleire stemmer med ein gong. Har du ei anna stemme, avgjer dirigenten om han set deg på venteliste, eller om du kan byrje med ein gong.

For å vere med i Hardangerkoret, må du vere 18 år eller eldre. Du må kunne lytte og blende stemma di med dei andre stemmene. Og du må ville prioritere koret jamfør frammøte til kurshelger og konsertar. Vi er eit prosjektkor som samlast 4-5 helger i året, og kurshelgene våre kan vere plasserte både i Hardanger, Voss, Bergen eller eventuelt andre stader. Så du som blir med, blir godt kjent i Hardanger og omland :)

Er du 26 år eller yngre, får du ungdomsrabatt og betaler kun halv kontingent pr. år, det vil seie pr. no, kr.500,- i årskontingent. Medlemmer over 26 år betaler normal kontingent, som pr. no er kun kr.1000,- Medlemmene betaler elles ei lita kursavgift på ca kr 200 pr. kurs.

På kvar kurshelg får vi mange timars vokal- og korundervising på høgt nivå. Og dette kan anbefalast varmt til både vanlege korsongarar, dirigentar, studentar og lærarar (almenn og musikk) - både til personleg utvikling- og også som inspirasjon og lærdom de kan formidle vidare i dei settingane de elles står i lokalt. Per Oddvar Hildre, Prots, er fast dirigent og instruktør for Hardangerkoret. Og på nokon korsamlingar knyter vi også til oss andre vokalpedagogar. 

Velkommen til prøvesong.

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer