Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Sponsorar for Hardangerkoret:

Hardanger Fjordfrukt   

HardangerBestikk 

og 

Moelven Granvin Bruk

 

 

 

 

 

Hardangerkoret i New Orleans

Skrevet av: , publisert 21.01.2017

12.-21.november reiste Hardangerkoret til New Orleans.

I New Orleans framførte dei konserten Sommerlandet ( Eyvind Skeie/ Galib Mamedov/ Tord Gustavsen) i engelsk språkdrakt,  og truleg var det første gongen dette verket vart framført i USA. 

Sommerlandet vart framført i den norske sjømansskyrkja under leiing av dirigent Per Oddvar Hildre. I tillegg medverka Per Arild Skorgen- piano, Arild B.Nielsen- perkusjon/trompet, Birgitte Velsvik- vokal og Merethe Gauden- tekstlesar.

Utanom sitt eige konsertprosjekt, fekk koret feire to gudstenester i Morningstar Baptistkyrkje. På den siste gudstenesta fekk vi vere med som liturgisk kor, etter å ha hatt fine øvingar med T.C.Hawkins og songarane hans på den norske sjømannskyrkja gjennom veka. Og det var eit høgdepunkt og fin avslutning på korturen å få synge Magnify the Lord m.m. saman med songarane og dei flotte musikarane i Morningstar. 

Den norske sjømannskyrkja har no endra status, og vi oppfordrar reiselystne koristar, musikarar og andre om å stikke innom den nye stiftinga Scandinavian Jazz Church and Cultural Center dersom vegen går til New Orleans.

 

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer