Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Sponsorar for Hardangerkoret:

Hardanger Fjordfrukt   

HardangerBestikk 

og 

Moelven Granvin Bruk

 

 

 

 

 

Hardangerkoret- kort historikk

Skrevet av: A.K.Stormyr, publisert 19.09.2016

Hardangerkoret vart stifta av styremedlemmene i Jondal Grendakor 29.april 2008. Styret for Jondal Grendakor var interimstyre for Hardangerkoret fram til første ordinære årsmøte i 2010.

Jondal Grendakor arrangerte større korkurs med Per Oddvar Hildre som intruktør 3-4 gonger i dei siste 10åra før og etter tusenårsskiftet, med veldig godt oppmøte frå heile Hardanger. Og som heilt ungt kor, deltok dei på korkurs med Prots og Ytre Suløen inne på Hardanger Folkehøgskule, på slutten av 80-talet. Songarane i Jondal hadde eit ønskje om å stundom få vere ein del av eit større kor som femna om songarar frå heile regionen og gjerne vidare. Samstundes hadde Anne Karin Stormyr eit oppdrag frå Norges Kirkesangforbund (NKSF) om å tenkje ut ulike lokale kursmodellar for kor. Og Per Kvile hadde ein draum om at vi kunne få til noko ala Sunniva-koret også gjerne med same dirigent. Samla sett blei dette til idéen om Hardangerkoret.

Målsetjinga for Hardangerkoret frå starten var:  "Hardangerkoret skal vere eit prosjektkor for songarar og dirigentar frå kor i Hardangerregionen. Hardangerkoret skal seinast ha si første samling våren 2010. Koret vil spreie songglede og ivareta songtradisjon, inspirere til vidare arbeid lokalt og til samarbeid regionalt. Koret vil profilere Hardanger med konsertar både i og utanfor regionen."

Hardanger folkehøgskule blei med som samarbeidspart for kortkurs 2009- 2011, og Per Oddvar Hildre takka ja til å vere kunstnarisk leiar og fast dirigent for koret.

Dei første åra hadde vi berre eit par samlingar pr år. For å få til betre kontinuitet i korarbeidet, auka vi så opp til minst fire samlingar pr.år. 

Frå 2012- 2017 har Voss folkehøgskule vore Hardangerkoret sin samarbeidspart for kortkursa.

Hardangerkunstaren Arne Bakke Mælen har laga tresnittet Hardangerkoret brukar som sin logo.  

  2008. 29.april Hardangerkoret vert stifta i Jondal kyrkje
1 2009. 20-22.november Hardanger folkehøgskule, Lofthus
  Konsert 22.november-09, kl.18 FØRSTE TONESLEPP, Hardanger folkehøgskule
2 2010. 4-6.juni Hardanger folkehøgskule
3 2010. 29-31.oktober Ungdomshallen Elvatun i Ulvik/ Brakanes hotel
  Konsert 31.oktober-11, kl.16? ANDRE TONESLEPP, Elvatun i Ulvik
4 2011. 18-20.mars Hardanger folkehøgskule
  Konsert 20.mars-11, kl.14.30 FOLKETONEKONSERT(Sommerro), Utne kyrkje 
  Konsert 20.mars-11, kl.17.30 FOLKETONEKONSERT(Sommerro), Jondal kyrkje 
5 2011. 28-30.oktober Odda kino/ Vasstun (Seinare- Hotel Trolltunga)
  Konsert 29.oktober-11, kl.18.00 FOLKETONAR FRÅ NORD OG SØR, Odda kino
  Konsert 30.oktober-11, kl.17.00 FOLKETONAR FRÅ NORD OG SØR, Etne kulturhus
6 2011. 16-18.desember Jondal bedehus/ Jondal kyrkje/ bur rundt om
  Konsert 18.desember-11, kl.15 JULEKONSERT i Jondal kyrkje
  Konsert 18.desember-11, kl.19.30 JULEKONSERT i Norheimsund kyrkje
7 2012. 18-20.mars Voss folkehøgskule/ Voss vandrarheim
8 2012. 1-3.juni Voss folkehøgskule
  Konsert 3.juni-12, kl.16 FOLKETONEKONSERT(Sommerro), Ålvik kyrkje 
  Konsert 3.juni-12, kl.19 FOLKETONEKONSERT(Sommerro), Norheimsund k. 
 9 2012. 7-9.september  Bygdahallen i Eidfjord/ Eidfjord hotel
  Konsert 9.september SYNG MED HARDANGERKORET, Bygdahallen
10  2012. 2-4.november  Voss folkehøgskule
  Konsert 4.november-12, kl.16.00 FOLKETONEKONSERT(Sommerro), Nain på Voss 
  Konsert 4.november-12, kl.19.30 FOLKETONEKONSERT(Sommerro), Indre Arna krk. 
11 2013. 15-17.mars  Hardangertun, Kinsarvik
12 2013. 31.mai-2.juni Voss folkehøgskule
  Konsert 2.juni-13, kl.16 VÅRBRUSKONSERT, Olavshallen på Voss fhs
  2013. 17.august- "Bru-stunt" HK-gruppe syng ved Hardangerbruopninga
13 2013. 23-25.august Jondal bedehus/ Folgefonn gjestetun
14 2013. 18-20.oktober  Jondal bedehus/ Folgefonn gjestetun 
15 2014. 14-16.februar Øystese bedehus/ Hardangerfjord hotel
  Konsert 16.februar-14, kl.16 HYMNER FRÅ SØR OG NORD, Øystese kyrkje 
16 2014. 23-25.mai  Voss folkehøgskule 
  Konsert 24.mai-14, kl.18 EIT NORSK NEW ORLEANS, Voss gamle kino
  Konsertar 25.mai-14, kl.16 & 18.30 EIT NORSK NEW ORLEANS, Johanneskirken, Bg.
17 2014. 5-7.september Jondal bedehus/ Folgefonn gjestetun
18 2014. 7-9.november Norheimsund kyrkje/ Sandven hotel
  Konsert 8.november-14, kl.18 SOMMERLANDET, Norheimsund kyrkje
  Konsert 9.november-14, kl.18 SOMMERLANDET, Skjold kirke i Bergen
19 2015. 6-8.mars Brakanes hotel, Ulvik
20 2015. 29-31.mai Voss Folkehøgskule
  Konsert 30.mai, kl.17 SOMMERLANDET, Nain på Voss
  Konsert 31.mai, kl.18 SOMMERLANDET, Knarvik kyrkje
21 2015. 4-6.september  Hardangertun, Kinsarvik
  Konsert 6.september-15, kl.16 HUSKONSERT, Hardangertun
22 2015. 13-15.november Nysæter kyrkje, Stord
  Konsert 14.november-16, kl.18 SOMMERLANDET, Nysæter kyrkje på Stord
  Konsert 15.november-16, kl.17 SOMMERLANDET, Moster kyrkje på Bømlo
23 2016. 19-21.februar Norheimsund barneskule/ Sandven hotel
24 2016. 1-3.april Norheimsund barneskule/ Sandven hotel
  Konsert 3.april-16, kl.19 CUBA MØTER NORGE I KOR, Norheimsund kyrkje
25 2016. 27-29.mai Voss folkehøgskule
  Konsert 29.mai-16, kl.18 VÅRKONSERT, Dale kyrkje
26 2016. 16-18.september Jondal bedehus/ Folgefonn gjestetun
27 2016. 12-21.november NEW ORLEANS, SOMMERLANDET i Sjømannskyrkja. Gudstenester i Morningstar baptiskyrkje.
28  2017. 17-19.februar Norheimsund barneskule/ Sandven hotel
29 2017. 26-28.mai Voss folkehøgskule
30 2017. 25-27.august Fana kulturhus/ Arna kyrkjelydshus
  Konsertar 27.august-17 SOMMARKONSERT i Arna kyrkje og Fana kyrkje
31 2017. 10-12.november Jondal bedehus/ Folgefonn gjestetun
32 2017. 8-10.desember Odda kyrkjelydshus/ Norheimsund barneskule
  9.desember 2017 JULEKONSERT i Odda kyrkje
  10.desember 2017 JULEKONSERT i Norheimsund kyrkje
33 2018. 16-18.februar Norheimsund barneskule/ Sandven hotel
34 2018. 18-21.mai Ørsta folkehøgskule
  20.mai 2018 VÅRBRUS-KONSERT i Spjelkavik kyrkje med Ytre Suløen & KulturMix-koret
  21.mai 2018 VÅRBRUS-KONSERT i Volda kyrkje med Ytre Suløen & KulturMix-koret
35    
     

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer