Kontakt oss
Ny fisker
Rapporter fangst
Se fangstrapporter
Logg inn
 

Vedtekter for laget

Skrevet av: AHO, publisert 12.01.2016


 Scanna utgåve av vedtektene kan lastast ned her: 


Vedtekter.pdf
   

Vedtekter for Uskedalen Grunn- og Elveeigarlag.

 

§1.

Uskedalen Grunn- og Elveeigarlag (heretter kalla laget) er ei samling av fiskerettshavarar.

Saksområdet til laget er fiske, og laget har full råderett over fiskerettane til medlemene.

 

§2.

Laget skal på samyrkegrunn arbeide for å utnytte fisket som næring, fremje bestanden ved kulturtiltak o.l.

I arbeidet sitt skal styret ta omsyn til både grunneigarane sine rettar, og dei ikkje jordeigande sine interesser av fisket.

Laget kan meldast inn i distriktslag, fylkeslag eller andre samarbeidsorgan for større område.

 

§3.

Laget er eit  andelslag med skiftande tal medlemer og kapital.

Kvar medlem får sin andel etter den fiskeverdi eigedomen har eller og etter skuldmark.

Andelsbrevet skal lyde på vedkomande eigedom og kan ikkje skiljast frå denne. Eigedomstvister, når det gjeld fiskerettar medlemene imellom, må vera oppgjorde før andelsbrev kan utferdast.

Seinare tvistemål og/eller tvistigheiter medlemene i mellom, er laget uvedkomande. Mogeleg utbytte vert sperra til saka er oppgjord.

Utbytte vert utdelt med like stor sum til kvar andel. Sameiga får utbytte etter tal andeler. På årsmote har kvar medlem ei røyst utan omsyn til tal andeler. Større økonomiske saker vert likevel avgjorde med røysting med tal andeler.

Kvar medlem betalar eit innskot pr. andel med innmeldingi.

Medlemene hefter berre for andelsinnskot.

Rekneskapsåret fylgjer kalenderåret.

 

§4.

Innmelding i laget krev underskrift av innmeldingserklæring.

Alle innmeldingar skal godkjennast av styret. Styret kan nekte medlemskap for eigarar av små parsellar og eigedomar som det ikkje er naturleg å ha med i området til laget.

Medlemskapen gjeld for 3 år, seinare for 5 årsperiodar om ikkje utmelding er komen styret i hende 1 år før utgangen av inneverande periode. Styret kan forlengja medlemskapen for så lang tid laget treng til å avvikle dei plikter laget har teke på seg i høve vedkomande eigedoms fiskerettar. Avgrensa til 5 år. Utmeld medlem misser sin andelsmiddel og kan heller ikkje krevja andel av fonds eller anna eiga som høyrer laget til.

Frådeling av eigedom som det skal høyra fiskerett med må fiskeretten godkjennast av laget og ein eigedom kan ikkje auka antal andeler ved oppdeling av eigedomen.

 

§5.

Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer med personlege varamenn. Styret er vedtaksført når 3 medlemer er tilstades.

Styret skal m.a.

1. Velja varaformann og kassastyrar.

2. Ordna utnyttinga av fiskerettane, herunder dela området til laget i høvelege fiskefelt.

3. Syta for rasjonelt fiskestell, herunder reglar for beskatning, fredningstider, fangstmetodar og kamp mot rovvilt, samt anmelda ulovleg fiske i laget sitt område.

4. Arbeida for god opplysning mellom medlemene om fangst og fiske.

5. Leggja fram årsmelding og  rekneskap.

 

§6.

Årsmøtet skal haldast innan utgangen av januar.

Formannen kallar inn årsmotet med minst 14 dagars varsel.

Saklista skal gjerast kjend for medlemene saman med innkallinga.

Formannen har på seg å leia årsmøtet og har dobbel røyst ved likt røystetal.

Årsmøtet skal:

1. Vedtaka årsmelding og rekneskap med revisors melding, og handsama budsjettframlegg for neste år.

2. Disponera mogeleg overskot.

3. Val:

a) Formann i styret 1 år om gangen.

b) 4 styremedlemer, av desse går 2 ut kvart år. Fyrste gong etter lutkast.

c) 5 personlege varamenn.

d) 2 revisorar med varamenn.

e) Velja to medlemer som saman med formannen skal skriva under møteboki.

4. Handsama saker som elles kjem føre, likevel berre slike som er nemde i innkallinga.

Saker som medlemene vil ha fram på årsmøtet må vera styret i hende minst 1 månad føråt årsmotet.

Omframt årsmøte kan innkallast når styret eller 1/3 part av medlemene krev det. Vanleg varsel for innkallinga.

Det skal førast møtebok for alle møter.

 

§7.

Ingen kan driva fiske i området til laget   utan det i tillegg til dei lovfeste avgifter vert løyst fiskekort eller inngått leigeavtale med laget. Fiskekort kan ikkje overdragast. Fiskekort må alltid berast med under fiske og visast på krav frå personar som sjølv har kort eller tilsvarande legitimasjon.

 

§8.

Medlemene pliktar å motta valg som tillitsmenn i laget, men kan likevel nekta for så lang tid som dei har vore tillitsmenn.

 

§9.

Årsmøtevedtak skjer ved vanleg fleirtal. Lovendring krev 2/3 fleirtal.

 

§10.

Oppløysing av laget kan vedtakast med 2/3 fleirtal av eit årsmøte etter framlegg på førre årsmøte. Minst ½ part av andelskapitalen må vera representert . Møter ikkje så mange kan framlegget vedtakast på nytt årsmote med vanleg fleirtal. Før oppløysing må alle leigeforhold vera avvikla og alle forpliktelsar dekka.

Ved oppløysing vert all eiga utdelt etter tal andeler.

 

§11.

All usemje mellom laget og medlemene i høve desse vedtekter, vert avgjort av ei skilsdomsnemnd med 3 medlemer. Ein for kvar av partane, og formann oppnemnd av sorenskrivaren.