Kontakt oss
Ny fisker
Rapporter fangst
Se fangstrapporter
Logg inn
 

Uskedalselva

Skrevet av: FSte, publisert 28.04.2012

 

 Frank Pedersen med fin fangst

Uskedalselva ligg i Kvinnherad kommune, ved utløpet av Hardangerfjorden. Elva er ei ei av få elvar som framleis er ope for fiske av både laks og sjø aure i Hordaland. 

Elva har eit nedbørfelt på 46 km2. Elva er uregulert, men er forbygd i jordbruksområda i nedre del. Lakseførande strekning er totalt 13 km, av desse er 11 km opp til Fjellandsbøvatnet, og om lag 2 km oppover Børsdalselva. 

Historisk sett, så har dette i hovudsak vore ei god elv for sjøaure fiske, men sidan elva fekk kalkdoserar i 2004, har laksen kome tilbake for fullt. Sesongen 2011 vart det sett ny fangsrekord, med nesten 1,4 tonn fisk.

Nedste delen av elva har framifrå høve for flogefiske, medan øvste delen av elva høver best for makk og sluk.