Referat frå årsmøte 2010
Skrevet av: KM, publisert 19.10.2010

Referat frå årsmøte i SKSF laurdag 13.mars 2010 i Udland kirke

 

 

Den nye leiaren i SKSF Goos ten Napel til høgre saman med to nyleg pensjonerte kantorar, frå venstre Njål Steinsland og Palmer Vistnes

 
Avtroppande leiar i SKSF Ingeborg Bjelland
 

Udlandkoret syng for oss

  

 

Alterpartiet i Udland kirke

 

 STAVANGER BISPEDØMMES KIRKESANGFORBUND

Referat frå årsmøtet i SKSF laurdag 13.mars 2010 i Udland kirke

 19 utsendingar tilstades.

 1.      Innkalling godkjent.

 2.      Val av referent: Kristi Matre. Godkjent.

 3.      Dagsorden godkjent.

 4.      Val av møteleiar: Ingeborg Bjelland. Godkjent.

 5.      Gjennomgang av årsmelding, godkjent.

 6.      Gjennomgang av rekneskap, godkjent.

 7.      Kontingenten er føreslått uendra. Forslag: Ein kontaktar forbundet sentralt for å høyra om dei planlegg å leggja på kontingenten. Vedtak: Kontingenten vert halden slik den er no, uendra.

8.      Gjennomgang av handlingsplan. Fleire kommentarar. Bidra til auka bevissthet og kunnskap om forbundet, om kva føremoner ein får ved å vera medlem. Handlingsplanen vedteke med dette tillegget: Å kombinera årsmøtet med eit seminar.

9.      Budsjettet vart godkjent. Forslag om å søkja NKSFom ekstra midler til seminar.

 

10. Val.

Goos ten Napel vald til leiar ved akklamasjon.

Sigmund Haaland gjenvald.

Arne Dag Kvamsøe gjenvald.

Harald Bjørgan vald som fast medlem av styret.

1. varamedlem: Anne-Marie Austbø Johannessen.

Årsmøtet gjev styret fullmakt til å finna 2. og 3. varamedlem. Det vart kommentert at det kan vera problematisk at dei som sit i valkomiteen vert vald til styret. Neste år bør ein finna kandidatar til valkomitèen utanfor styret.

 

Etter at årsmøtet hadde behandla desse sakene, hadde Goos ten Napel eit intervju med Palmer Vistnes som har gått av som kantor i Avaldsnes og Njål Steinsland som har gått av som kantor i Vår Frelsers menighet i Haugesund.

Sveio, 1. september 2010, Kristi Matre, referent.


referat årsmøtet 2010.doc
<< Gå tilbake


Stavanger Kirkesangforbund - Goos ten Napel, pb 612  -  5501 Haugesund  - Tlf: 988 17 676 - 
Send mail til internettansvarlig - Powered by minorg.no © 2006 Logg inn