Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Sponsorar for Hardangerkoret:

Hardanger Fjordfrukt   

HardangerBestikk 

og 

Moelven Granvin Bruk

 

 

 

 

 

Kurshelg 5-7.juni 2020 ikkje avlyst lenger. Bli med.

Skrevet av: , publisert 22.05.2020

Hjarteleg velkomne til øvingshelga 5-7.juni.  Vi vert på Hardangerfjord hotel. Møter fredag 5/6 kl.18-21, Laurdag 6/6 kl.10-18 og søndag 7/6 kl. 09- 15.30. Repertoaret vert først og fremst julestoffet, så sjekk at du har alle notane frå mappa JUL på dropbox.  Prots har nett teke ein liten operasjon og er sjukemeldt. Men vi er så heldige å ha fått Birgitte Velsvik med oss som instruktør denne helga, og ho vil drille oss både i repertoar og teknikk. Så no ønskjer vi god betring til Prots, og hjarteleg velkomen til Birgitte og kvar og ein i koret. Gled dykk. Det blir kjempefint å få synge saman med dykk igjen.

Mvh HKstyret

 

Takk for at alle svarer på linken innan 7.mai:

https://forms.gle/Bk3GU4znEbfDD8fB9

Det har kome lette i krava frå helsedirektoratet, slik at vi kan vere inntil 50 samla på øving. HK har fått ein avtale med Hardangerfjord hotel, der vi vert einaste seminar denne helga. Og med dette ønskjer både dirigent og styre å invitere til ei annleis øvingshelg 5-7.juni i Øystese. Eva Nærø er smittevernssjef og føreskriv at vi har inntil 2m avstand pr songar under øvingane, alle har med alt av notar sjølve, alle sit på tildelte plassar både etc. Vi vonar du får til å bli med.Dei som av helse eller andre grunnar må melde forfall,  melder dette via linken på kalenderoppføringa. Hjarteleg velkomne de som kan. Vert vi mange nok, vert det øvingshelg. Takk for at alle medlemmer melder frå om de kan kome eller ikkje kan kome via linken på kalenderoppføringa inna 7.mai.

Beste helsing HKstyret. 

 

 

Vi vil prøve å få legge til rette for eigenøving også med øvingsfiler når det gjeld konsertane i desember i Norheimsund og Jondal.

Velkomen til øvingshelg i oktober. Info om stad kjem før sommaren.

Når det gjeld arrangementet i Fredrikstad i august vil vi snart kome med nye opplysingar. VI vonar dette let seg gjennomføre. Jamfør denne helga, syng de på New Orleans-repertoaret, og konsertar er tenkt i Fredrikstadsområdet og i Grønland kirke i Oslo.

Framleis god påsketid.

Mvh

HK v/styret

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer