Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Korleis bli medlem i Hardanger KorAkademi?

Skrevet av: , publisert 10.09.2025

Hardanger KorAkademi har pr. i dag ei vaksenkorgruppe for blanda stemmer, aldersgrense frå 18år -  

Årskontingenten for koret er kr.1500,- (Ungdomspris opp til og med 26 år er kr.750,-) Kormedlemmene har også ein kontingent pr.korhelg på kr.500,- Koret har 4-5 korhelger i året.

Kan du tenkje deg å bli fast medlem i koret, kan det vere ein idé å bli med som seminardeltakar på neste korhelg, og i løpet av korhelga få høve til ei stemmeprøve hjå dirigent.  Eller du kan kontakte leiar Anne Karin på mobil91394982 og avtale tid for stemmeprøve utanom ei korhelg. Vel ein månad før neste seminar, vert det lagt ut meir info og ein påmeldingslink for seminaret, under kalenderen på nettsida.

Dersom du vert godkjent som fast medlem i koret, vil du få tilgong til notar via Dropbox, fellesinfo via denne nettsida, og stemmefiler med meir får du via appen ChoirMate.

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer